torsdag 30. september 2010

Det går så det susa med huset!!!
 
Hurra! Ting skjer endelig:) Neste veke får vi begynne med egeninnsatsen! Da blir det sparkling og pussing for harde livet! Gler meg kjempemasse:) Kan ikkje skrive "vi", for Raymond trur eg er begynt å bli litt lei allerede... Det er ikkje berre å berre å skal ta alt det elektriske sjøl. Men han er så flink! Og dette skal gå så bra! No er faktisk håpet om å komme inn til jul faktisk blitt ein realitet, og ikkje berre synsing lenger. Hyyyl! Måtte berre få ut eit aldri så lite gledeshyl!
Faren og bestefaren har vore på tomta og laga til muren ute kvar dag denne veka! I morgon blir det støypt, blir spennande å sjå resultatet! Vil berre sei at dåkke er så kjekke og flinke som orkar å bruke fritida dåkka på å hjelpe oss! Vi er kjempetakknemlige! Vi hadde ikkje klart det uten dåkka hjelp:)

Til helga er det ZarGate, så da skal vi på weekendtur til Vestnes:) Det er lenge sidan vi har vore det! Tale gledar seg masse!
Ellers er det ikkje så masse som skjer egentlig. Jobb, skule og lekser. Strikking og litt husarbeid innimellom. Får berre nyte stillheta nokre dagar til, til det brakar laust med jobbing kvar kveld på huset:) Skulle lagt ut bilder, men kameraet er i bilen til Raymond, og han er ikkje heime... som vanlig... jobb og jobb;)
Nei, no får eg gå opp til husvertane å hente Talemor. Ho fikk komme opp til dei å sjå korlei dei har det. Ho er veldig interessert i korleis andre har det heime. Hmmm... Når eg tenker etter var eg faktisk sånn sjøl også når eg var lita. Kanskje eg er litt sånn enda, men litt meir diskrè
på mine eldre dagar;)
Vi var forresten på 6 års kontroll i dag! Tale er akkurat sånn som 6 åringar skal være, ho held kurva si både på høgd og vekt. Bra er det:) Bra hørsel har ho, og ho klarte alle "testane" ho fikk. Puh, sei mora;);)
Dett var dett, no skal eg hente Tale å få ho i dusjen. Så er det kvelds og legging.

Natti natt
   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar