lys framtid
Sigrun&Raymond, Tale, Alva og Bendik
tirsdag 20. november 2012
lørdag 3. november 2012
031112
Eg kunne sagt at desse bilda er fra i dag, men det vil være å lyge. Vi har strålade sol også i dag her på Stette, men temperaturen er litt i kaldaste laget for skjørt å tjukkegensar.
No er det ull, parkdress og vintersko som gjelder.
Akkurat no held kjæresten min og barna på å bygge ferdig veranda på leikehytta. Det blir så *fiiint*
Bilder kjem etterkvart.
Det er lenge sidan no.. Kanskje det blir litt
hyppigare innlegg framover? Skal forresten ikkje love noko..
hihi
GOD HELG, MY FRIENDS :)
lørdag 2. juni 2012
-eg har handla inn til helga
-her er gullandes reint
-eg har fått i meg eit x-antall koppar kaffe
-nabo`n giftar seg i dag ♥
-"All my life" med Alejandro Fuentes på
repeat, den er så fin
-vin i glaset seinare
Håpar du har ein finfin
laurdag
PS: må berre vise dåkke ein blogg eg
d i g g a r!
Det var det øverste bildet som gjorde at eg begynte å følge med
på bloggen hennar! Ho tar så stilige bilder, og skriver heilt
k n æ r s j :D
veit ikkje om det er lov å "låne" bilda hennar....
Men det er berre godt meint:)
Klikk deg inn her:
carolinesandelin.modette.no
Klem til deg som er her ♥
tirsdag 29. mai 2012
Hei! I helga har vi styra litt i hagen.
Det har blitt så grønt og fint!
Mannen har snekra to fine blomsterkasser, så
no har vi planta masse kjekt!
Bl.a. reddik, salat, gulrot, agurk, tomat..
og såklart
jordbær!
Vi fann noken steinbedplantar som skal tiltrekke
seg sommarfuglar! Så da spørs det om dei kjem!
Vi ventar spent;)
Margerittar også synest eg høyrer sommaren til.
Fin tirsdag til deg som er innom:)
fredag 25. mai 2012
17.mai
...er over for i år. Vi gikk i tog, spiste pølse og is.
Og vi grilla her heime. Alt det ein brukar å gjere på nasjonaldagen.
Det var fullt hus og vi hadde tilogmed champagne!
Hoho, det må vi lage til ein tradisjon:)
Alva og Bendik har på seg fine matrosantrekk som oldemor på Vik har strikka! Og Tale har på Sunnmørsbunad som er brodert av oldemor på Hellesylt, arva etter meg og Karete.
Så fine!
No er det langhelg! Eg og barna er heime aleine.
Raymond spelar kamp. Heia Rekdal/Fiksdal:D
God helg!
Kanskje dåkke skal noko kjekt?
tirsdag 22. mai 2012
I dag er det ein spesiell dag for oss. Det er akkurat eit år sidan
vi kom heim frå India og Mumbai! Tenk det. Da sto alle som
vi er så glad i på Vigra og tok oss imot.
Åh, eit veldig rørande øyeblikk. Og ein heilt spesiell dag.
Kjem aldri til å gløyme det..
Eg og Alva har kosedag heime i dag.
Eller - dvs. det er ein grunn.
Det skjedde det som er alle foreldres mareritt. Ho datt ned ifrå stellebordet..
Ho er i fin form, men vi ville ha ho heime så vi kan følge litt med.
Vi har trilla tur, og kosa oss ute i fineværet!
*sommaren er her*
God klem ifrå meg og skjønne Alva med sommarhatten på:)
lørdag 17. mars 2012
Mateo 2 år!
Kjæresten min har slått til igjen!
Han laga kake til Mateo som blei 2 år den 13.mars:)
No er han og tvillingane i bursdag, medan eg og Tale er heime.
Ho er sjuk...
Bendik tegna på gava! Så fiiin, og sååå fornøgd
gut som fikk tegne litt - med begge hender!
Trur Tale er på bedringens vei, for her har ho hoppa utav
dyna og begynt å få i seg litt mat. Kjempebra:)
GOD LØRDAG til dåkke ♥
Drømme...
1.Kopp fra Ferm Living 180,- 2. Factory Organizer skap 7.200,-
3.og 4. Kjøkkenhandkle 170,- 5. Vegglampe 1.490,-
6. Stool 1.490,-.
Alt finn du her. Så masse fint der, å bloggen også
er heilt herlig ♥
onsdag 29. februar 2012
Litt Talekos før leggetid!
Tvillingane er i seng allerede, dei var helt ferdige etter nokre timar i barnehagen før dei på nytt hadde
fått feber og måtte hentast. På`n igjen..
Tale har vore på besøk med ein kompis, og no
har ho ete kvelds og stellt seg.
Litt kosing i sofan før leggings!
Raymond har vore på møte, og no spelar
han kamp.
Det var siste dagen min med permisjon i dag,
så no er det full jobbing framover!
Det blir sikkert travle dagar, men
får satse på friske ungar kanskje over
helga (!), så blir det
lettare å takle kvardagen;);)
KOSE DÅKKE I KVELD!
tirsdag 28. februar 2012
Jippi! Da var dagen endelig her, tvillingane våra
var feberfri og klar for barnehagestart!
Alva syntes ikkje det var kjekt å bli tatt
bilde av i dagtidlig, men
mamma måtte få foreviga
det store øyeblikket..
Dagen starta heilt fantastisk med at Bendik sov heilt
til 7:45 og Alva våkna 8:15! Det gjor godt
både for liten og stor:)
Trur dei lada opp til ein lang dag på Gullfoss;)
Dei var der ei god stund aleine, så
dei både hadde lunsj og sov der.
Gikk veldig bra!
Imorgon skal dei være der enda lenger aleine, og fra torsdag
blir det fulle dagar.
The kids woke up late today! I think they charged up
for a long day in kindergarten:) It went very well, they
were there for a while without me and they ate and slept
there.
We are given a username and password so we can go
online and see picture and read what they do.
It`s great! Maybe I can "steal" a picture and
show you:)
Sigrun.
mandag 27. februar 2012
BAKEDAG
Ungane har vore sjuke nesten ei veke no. Da kan det bli
lange og kjedelige dagar!
Så på laurdag baka vi brød og kanelknutar:)
Deilig å fylle opp frysaren.
Eg har brukt oppskrifta som eg fann inn på Jorid Kvam sin blogg. Dette er ein basic deig som du kan bruke til kvaslags bakst du ønsker. Ho hadde brukt den til fastelavensbollar. Oppskrifta på fyllet fann eg på matprat.
1 l mjølk
300 gr smør
250 gr melis
1/2 - 1 ss kardemomme
1 pk gjær
ca 1.5 kg kveitemjøl
Kok opp mjølk, smør og melis under omrøring - avkjøl i vannbad til fingertemperatur. Bland det våte i det tørre og elt til smidig deig.
Fyll:
100 gr smør
1/2 dl sukker
1 ss kanel
1 ss vaniljesukker
Kjevle ut eit passe stort rektangel. Smør på fyll, ikkje for masse. Del opp i ca 1 - 2 cm breie strimler. Tvinn endane mot kvarandre og legg deigen to ganger rundt fingrene du held strimlen med (kjem litt an på kor stort rektangelet ditt er).
Prøv å lag en laus knute.
Litt klønete forklart, men håpar du skjønnar:)
210°C i 10-12min.
Bruk gjerne dampfunksjonen dersom du har det. Da blir
baksten ekstra stor og luftig!
BRØD.
Her er alt "på ein slump".
Ca 1.5 l vatn
ca 2 ss mørk sirup
5 - 6 ss olje
1/2 pk samalt grovmalt mjøl
1/2 pk Bjørns lettkokte havregryn
ca 1.5 kg kveitemjøl
1 pk gjær
litt sukker
litt salt
Varm opp vatnet, oljen og sirupen til rundt 40°C.
Eg brukar å ha alt det tørre i bakebaljen først, så
blander eg det våte i.
Heve ca 1 time. Bake ut, eg brukar former. Huske å
smøre dei! Etterhev ca 30 min.
Steiketid: ca 1 time på 225°C.
Eg må berre benytte anledninga til å skryte av
komfyren vår. Det er AEG sin kombidampovn.
Vi er kjempefornøgd med den! Så dersom du skal ha deg ny, er denne absoultt å anbefale:)
Eg brukar dampfunksjonen og stiller inn
ovnen på formbrød. Da stiller ovnen seg inn på 180°C
og piper når den er ferdig etter 55 min:D
No er det ei ny veke, og vi er klar til å møte den med deilig bakst å ha i matpakken:)
Dersom tvillingane er feberfri i dag, blir det tilvenning i barnehagen i morgon! Jippi! Dei skal begynne her. Avdelinga heiter Gullfoss. Det blir så spennande! Trur eg gledar meg minst like mykje som dei;)
God mandag!
fredag 24. februar 2012
Hei og hå:)
Her kjem eit matinnlegg!
KLIPPFISK
Du trenger
Klippfisk (huske å vatne den ut natta over,
og skifte vatn èin gong)
Poteter i skiver
Løk
Kvitløk
Fløte/matfløte
Salt&pepper
Ost til gratinering
Legg alt lagvis i ei smurt,
ildfast form.
Vent med osten til siste ca 10 min.
Ha i fløten til det dekker litt over
halve forma.
Steikes på 200°C i ca 45 min.
Lag gjerne ein salat til.
KJEMPEGODT.
Litt lite innlegg her for tida. Beklager, men
har mista litt piffen - er så lite respons frå
dåkke, folkens...
Hehhe.... Det var litt syt ifrå meg.
NYT FREDAGSKVELDEN.
onsdag 15. februar 2012
Ser det ut som ekte bøker? hihihi...
Synes det er litt morosamt med disse boksene!
Eg likar godt hylla over døra, men synes det er vanskelig
å lage det til fint der.
Valentines Day! Eg fikk fine roser med min kjære♥
Dei fikk stå på mitt fine nattbord eg fann i kjellaren på jobb. Likar det godt! Teppet er kjøpt på ei reise i India, som dei så fint skriv i alle interiørblad. Jippi! Eg er in :D
Guten min også fikk kort! Sånn ser det ut.
Kjekt å scrappe igjen!
Han fikk også eit bilde i ramme som
eg har printa ut sjølv.
PS: Eg lånte ideen din, Susanne:)
Gøy å scrappe på papp!
Fin onsdag til dåkke.
fredag 10. februar 2012
1 års feiring!
Den blei feira tre dagar til endes! Masse deilige
kaker og masse fine gaver! Takk for ein fin dag:) Ei vellykka feiring, blide og
fornøgde barn! Kan ein ønske meir?
Stilig sjørøverskute til Bendik, og
søt prinsessekake til Alva! Pappa er
arkitekten, og mamma er dekoratøren;)
Bendik fikk ete sjøl..
Tante Janita-kos
Se min kjole..
We celebrated the birtday on Saturday.
Lots of delicious cakes and lots of lots of gifts!
A vary nice celebration!
The kids were happy and exited:)
Sigrun.
fredag 3. februar 2012
Alva og Bendik 1 år!
Hipp hurra:)
No er ungane i badekaret saman med storesøster!
Dei har fått noken fine gaver i dag, bl.a fra Stavanger,
Canada og Australia!
Imorgon blir det stor feiring her med masse
familie og venner:)
No er ungane i badekaret saman med storesøster!
Må være reine og fine til
bursdagskalas:)
♥♥♥
Tre små hjerter
Tale,alva,bendik
onsdag 1. februar 2012
Eg har sagt opp abonnementet på BoligPluss!
Hyyyl! Eg elskar det bladet...
Men no skal eg prøve noko nytt:
Gledar meg til det kjem ramlande i postkassa:D
(Beklager dårlig kvalitet på bildet, eg har triksa og mixa og da
blei resultatet deretter. Eg er ikkje noko datageni;);))
I have begun to subscribe to this magazine!
Looking forward to see if it meets my
Looking forward to see if it meets my
expectations!
(Sorry about the bad picture, but I`m not
a nerd... hi hi hi)
tirsdag 31. januar 2012
EIN GUL KRAKK -
VIRRE - VIRRE - VAPP -
DU SLAPP!
Noko nytt? Her er null og nix nytt. Har trilla deilig,
lang tur saman med ein nabo og guten hennar!
Blide og gode ungar.
Snart er det ut på ski i Engesetdalen.
Middag og lekser først!
Tjo-hei:D
I have nothing to tell about today.
We have been out for a long walk with
my neighbour and her son.
Soon it is out skiing, but first
it is homework and dinner!
VIRRE - VIRRE - VAPP -
DU SLAPP!
Noko nytt? Her er null og nix nytt. Har trilla deilig,
lang tur saman med ein nabo og guten hennar!
Blide og gode ungar.
Snart er det ut på ski i Engesetdalen.
Middag og lekser først!
Tjo-hei:D
I have nothing to tell about today.
We have been out for a long walk with
my neighbour and her son.
Soon it is out skiing, but first
it is homework and dinner!
SIGRUN.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




































