fredag 19. februar 2010

Vaskehjelp!

I dag har eg og Tale fri. Eg har vore i Stavanger på kurs i to dagar, veldig kjekt å besøke Hanne&Christian gjen! (Eg tok ikkje med kameraet, orka ikkje å drasse på det). Raymond henta Tale i bhg i går. Det var første gangen dei to har vore so lenge aleine. Men det gikk veldig bra, dei laga pannekaker til middag og var ute og aka:) Tale sovna som ein stein med ein gong etter kvelds og lesing.


Raymond var tidleg oppe i dag og reiste til Vestnes for å lage til datapartyet for ungdommar (ZarGate). Eg og Tale har styra på her, vaska og tørka støv og rydda:) Etterpå gikk vi ein tur på Husfliden, eg kjøpte tråd til å strikke sokkar til ho, fine rosa og brune. Har laga middag og no er det barne-tv og deilig fredagskos:)
Håper Raymond ikkje blir så sein i kveld.. Vi reiser til Vestnes ut på dagen imorgon og blir til søndag. Jonas Rønning på ZG, det må vi ha med oss:)

God helg til alle mine venner:D

1 kommentar:

  1. Send ho til Hildre...ej trenge ei skikkelig flinke vaskehjelp ;o)

    Så ksolgi at du har begynt å blogge igjen Sigrun..alltid spennende å sjå innom !!!

    Så bra at du hadde d kjekt i Stavanger da...kurset var bra me he ej hørt rykte om...
    Ha en kos fredagskveld vænnen !

    SvarSlett